• kategoriar

  • april 2024
    M T O T F S S
    1234567
    891011121314
    15161718192021
    22232425262728
    2930  

Litt frå filmkurset

Vi var ca 14 lærarar frå fire ulike skular som deltok på kurs over to dagar. Vi starta med litt teori omkring filmskaping, før vi sjølve gjekk i gong for å lage film. 

Eg har ikkje fått lagra manuskriptet til læraren (må få det av kollega — etter vinterferien–) men dette er nokre av dei viktige punkta i ein FILMSKAPINGSPROSESS:

1. Premiss. Bruk ei setning på å skrive kva du vil få fram i filmen. Dette vil gjere det lettare å vurdere kva som skal vere med og ikkje.

2. Synopsis. 6-8-10 setningar om kva filmen skal handle om.

3. Manuskript. Lag forteljinga du vil fortelje i filmen. Skriv detaljert kva t.d personar seier og gjer. Dette er «storyen».

4. Storyboard. Teikning + tekst. All informasjon som gjeld filminga skal vere med. Dette er tidkrevjane fordi en må vere svært detaljert. Men, dette er til stor hjelp for den som skal klyppe saman til slutt, men og under sjølve opptaka.  I teiknerutene lagar ein skisser som syner om det er nærbilete eller meir oversiktsbilet, og kor i biletet ting/personar er plasserte. Dersom filmen går føre seg på fleire ulike stader, kan ein ved hjelp av storyboard’en finne alle scenene som skal takast på kvar plass, sånn at ein kan ta dei alle samane,  for så å klyppe dei inn på rett plass til slutt.

5. Sjølve filminga. Eit godt tips å bruke var 180-graders-regelen. Den går ut på at vis du t.d. skal filme ei scene frå ei stove, må du tenkje deg ei rett linje, der du som har kamera, ikkje kan gå over. Det er for at sjåaren ikkje skal få eit inntrykk av at personane har bytta plass. Vi brukte stativ til kamera heile tida. Bruk helst ikkje zoom under filminga. Kan gjerne flytte kamera fysisk fram og tilbake i ulike kutt frå same scene. Ein bør variere vinklane ein filmar frå, men altså innanfor 180-graders-linja.

5. Redigering. Plassere klippa på rett stad i høve storyboard’en. Klippe av «endane» der den som køyrer kamera seier «vær så god» og «takk».

Redigeringa var det som var heilt nytt for meg. Vi brukte eit program på ei mac-maskin som læraren hadde med. Men, dette var akkturat same prinsippet som i Windows Movie Maker. Det oppdaga eg i går, då eg laga min eigen vesle film her heime.

Du tek opp film og evt bilete som du lastar inn på maskina. Når du opnar Windows Movie Maker, imorterer du dei bileta/filmane som du vil bruke. Du kan importere undervegs i prosessen, òg.

Du må få fram TIDSLINJA på skjermen, og under den legg du inn bileta. Under den igjen ligg ei linje med LYD og ei linje med TEKST. Dette blir omlag som i Photoshop, der du legg lag på lag i filmen. Men alt er plassert under tidslinja, sånn at du veit kor tid dei startar og kor tid dei endar.

For å korte inn eit klipp, står du med peikaren sånn at den vert til ein dobbel loddrett strek. Liknar den du kan endre kolonne- og radbreidde på i rekneark. Dra så langt du vil når peikaren har denne «dobbel-strek»-forma, samstundes som du held museknappen inne.

Eg laga altså ein liten film i går kveld, men eg får ikkje lasta han opp her i bloggen. Forsto det sånn at eg då må betale ca 60 dollar i året for å få den tilgangen. Så det gjer eg ikkje i første omgang.

Filmkurs

Eg har idag vore på kurs i filmskaping. Lucky me 🙂

Eg fekk plass på eit todagarskurs i filmskaping, og i dag har vi hatt teori omkring filmskaping, samt at vi har starta prosessen med å lage ein film (lage premiss, manus og storyboard).  Gruppa eg er på fekk ikkje tid til å starte filminga i dag, så i morgon vert det opptak og redigering.

Eg kjem tilbake i morgon med meir info og nyttige tips når det gjeld å lage film. Då vil de få vite kva det som står i parentesen i avsnittet over her, inneber av aktivitet.

Laurdag 30. januar – pelsen etter farmor

Har vore på loftet og lempa alt som hang der oppe, ned i kjellaren. No kan eg få oversikt over kva eg har av materiale når det gjelde ytterklede, for det var det som hang der. I tillegg har eg nokre kassar med klede som eg har samla på, og noko er kome ned. No vert kjellerstova skikkeleg hobbyrom ei tid framover, ja.

Tok ned pelsen som eg har etter farmora mi. Han er rett og slett for trong over skuldrane til meg, så eg brukar han ikkje. Har tenkt å sy han om, men vil starte med noko eg er mindre redd for. Sikkert lurt å øve meg på noko eg ikkje  er redd for å øydeleggje.

Noko gul på kragen, dessverre

Baksida. Pyntebeltet er kanta med grått skinn

Ja, ein pels bør eg absolutt ha
Men han må vere passeleg stor!!!
Når eg står heilt i ro, kan jakka vere kneppa igjen
Rett før eg får klautrofobi

Søkte på «tuva turkis» som er merket på jakka, og kom inn på ei finsk nettside for kjøp og sal. Der var det ei anna pelsjakke til sals (altså med same merke), så «tuva turkis» har nok vore eit merke for pels.
Trur eg lærte nokre ord på finsk: jakku = jakke, takki = sid jakke/kåpe, stakki = kjole (litt usikker) og turkki = pels

Merke «tuva turkis». Her ser vi òg fleire av skinndetaljane. Kant av skinn mellom pelsen og fôret.

Frå hovudet og ut i armane?

No har eg laga meg nokre tankekart i skisseboka, og ut i frå det eg TRENG, vil eg lage meg eit skåp eller liknande der eg kan oppbevare alle smykkene mine. No ligg og heng dei på badet og soverommet (og sikkert i ei og anna skuff i andre rom), men det hadde vore kjekt å samla dei på èin stad.

Eg er ganske glad i smykker, og kanskje kan eg lage nye smykker av det eg finn i skuffer og skåp?

Så har eg ei pelsjakke hengjande på loftet, etter farmora mi. Den er for trong over skuldrane, så eg får ikkje brukt ho. Eg må lage nokre skisser på korleis ho kan kan bli sjåande ut viss eg klypper og syr litt…må vel ha tak i ny trekantnål til symaskina då???

I morgon har eg dagslys, og det treng eg når eg skal på loftet. Bilete av «utgangspunkta» mine må derfor vente til i morgon.

I gang – så smått….

Ja, så har jeg altså laget meg en blogg. Her skal jeg skrive logg i forbindelse med studentoppgaven REDESIGN. Nå skal jeg ha litt idèmyldring for meg selv, leite etter klær og gjenstander jeg kan bruke, og deretter hoppe i det.

Her har jeg bare satt inn et bilde som jeg har tatt, og som jeg liker, sånn at ikke førsteinntrykket blir så kjedelig.