• kategoriar

  • mai 2024
    M T O T F S S
     12345
    6789101112
    13141516171819
    20212223242526
    2728293031  

Laurdag 30. januar – pelsen etter farmor

Har vore på loftet og lempa alt som hang der oppe, ned i kjellaren. No kan eg få oversikt over kva eg har av materiale når det gjelde ytterklede, for det var det som hang der. I tillegg har eg nokre kassar med klede som eg har samla på, og noko er kome ned. No vert kjellerstova skikkeleg hobbyrom ei tid framover, ja.

Tok ned pelsen som eg har etter farmora mi. Han er rett og slett for trong over skuldrane til meg, så eg brukar han ikkje. Har tenkt å sy han om, men vil starte med noko eg er mindre redd for. Sikkert lurt å øve meg på noko eg ikkje  er redd for å øydeleggje.

Noko gul på kragen, dessverre

Baksida. Pyntebeltet er kanta med grått skinn

Ja, ein pels bør eg absolutt ha
Men han må vere passeleg stor!!!
Når eg står heilt i ro, kan jakka vere kneppa igjen
Rett før eg får klautrofobi

Søkte på «tuva turkis» som er merket på jakka, og kom inn på ei finsk nettside for kjøp og sal. Der var det ei anna pelsjakke til sals (altså med same merke), så «tuva turkis» har nok vore eit merke for pels.
Trur eg lærte nokre ord på finsk: jakku = jakke, takki = sid jakke/kåpe, stakki = kjole (litt usikker) og turkki = pels

Merke «tuva turkis». Her ser vi òg fleire av skinndetaljane. Kant av skinn mellom pelsen og fôret.