• kategoriar

  • mai 2024
    M T O T F S S
     12345
    6789101112
    13141516171819
    20212223242526
    2728293031  

Kva er design, og kva vil det seie å redesigne?

Design

I boka «God form», som tek føre seg Jacob-prisen frå 1957 og fram til i dag, står det i innleiinga at DESIGN var eit framandord i Noreg 1957.  På den tida var der yrkesgrupper som teiknarar, formgjevarar og brukskunstnarar,  og Foreningen Brukskunst vart stifta i 1918.  Ein tanke den gong var at viss folk flest fekk høve til å omgje seg med skjønnhet, ville det kunne bidra til å betre sosiale og moralske forholdi samfunnet. Ein trudde på ein samanheng mellom skjønnhet og moral.

Frå forelesning i januar 2010 har eg mellom anna notert at det italienske «designo» skal tyde skisse, og i norsk samaheng er omgrepet desing brukt om formgjeving, det å gje noko form. Det finst mange ulike former for design, til dømes tekstildesign, motedesign, grafisk design og møbeldesign.

God design vert ofte karakterisert ved at det er estetisk og funksjonelt, men god design er òg avhengig av tid og produkttype.

I mitt «Caplex» frå 2004 er design forklart med:»engelsk, egentlig mønster, tegning; nå (især innen håndverk, industri og kunstindustri): formgiving, dvs. måten en ting, et produkt er utformet på»

På  Wikipedia har eg 29.01.10 funne  informasjonen om lovgjeving når det gjeld design. I designloven er design definert § 2 nr 1 som «utseendet til produkt eller en del av et produkt som særlig følger av de karakteriserende trekkene ved linjene, konturene, fargene, formen, strukturen eller materialet til produktet eller produktets ornamentering.»

Norsk kulturråd deler årleg ut «Merket for god design»   

Redesign

Omgrepet «redesign» vert mykje brukt for tida, og er truleg av nyare art, då det ikkje er nemnt i mitt «Caplex» frå 2004, og det er heller ikkje oppretta på Wikipedia enno (kanskje ein jobb for oss :-))

Vi på studiet vart einige om at redesign er

  • å ta ein gjenstand (produkt, ikkje råstoff) og omforme til nytt føremål og/eller ny form
  • bruke noko eksisterande, helst brukt, til å lage noko nytt
  • til vanleg ikkje masseprodusert

Skal ein seie det i ein setning kan det vere » å designe noko ut i får noko som allereie er designa» eller rett og slett «FRÅ GAMALT TIL NYTT»

Redesing er blitt «in», mellom anna fordi folk har endra holdningar og tek meir omsyn til miljøet. «Bruk og kast»-mentaliteten er for mange på veg ut.

Viss du vil prøve å lage noko, men ikkje heilt veit kva, kan kanskje desse «hjula» hjelpe det i gong?

Ei tilbakemelding

  1. Bra at du legg inn informasjon på bloggen. Kanskje du kan legge ut nokre bilete av arbeidsprosessen din. Er du begynt å lage noko? Hege

Kommenter innlegget