• kategoriar

  • januar 2010
    M T O T F S S
     123
    45678910
    11121314151617
    18192021222324
    25262728293031

Frå hovudet og ut i armane?

No har eg laga meg nokre tankekart i skisseboka, og ut i frå det eg TRENG, vil eg lage meg eit skåp eller liknande der eg kan oppbevare alle smykkene mine. No ligg og heng dei på badet og soverommet (og sikkert i ei og anna skuff i andre rom), men det hadde vore kjekt å samla dei på èin stad.

Eg er ganske glad i smykker, og kanskje kan eg lage nye smykker av det eg finn i skuffer og skåp?

Så har eg ei pelsjakke hengjande på loftet, etter farmora mi. Den er for trong over skuldrane, så eg får ikkje brukt ho. Eg må lage nokre skisser på korleis ho kan kan bli sjåande ut viss eg klypper og syr litt…må vel ha tak i ny trekantnål til symaskina då???

I morgon har eg dagslys, og det treng eg når eg skal på loftet. Bilete av «utgangspunkta» mine må derfor vente til i morgon.

Ei tilbakemelding

  1. Fin problemstilling Marlyn:-) Du er godt i gang med tankeprosessane ser eg. Eg har laga nokre tankekart og, men skulle gjerne hatt eit loft og rota på:-) Har vore litt for flink til å hive klede og anna undervegs, men det vert vel ei rå til slutt. Vert spennande å komme til Sogndal i slutten av veka for å høyre kva folk har tenkt, mykje spennande å sjå på bloggane til folk.

Kommenter innlegget